Fjord1








Ferjeruta Mannheller - Fodnes: På grunn av reparasjonsarbeid vert RV 5 Fodnes ferjekai stengt mellom kl. 0900 og 1500 torsdag 10. november. Medan kaia er stengt, vil ferja gå mellom Lærdal og Mannheller.

Ruteopplegget 10. november inneber vanleg rute til og med kl. 0840. A - ferja går frå Mannheller kl. 0900 til Lærdal, og vidare etter rute nedanfor - avgang Lærdal kl. 0945 til Mannheller.

B - ferja går frå Fodnes kl. 0900 til Mannheller, og vidare etter rute nedanfor - avgang Mannheller kl. 0945 til Lærdal.

Frå kl. 1500 vil ferjene gå i normal rute Mannheller - Fodnes.

Ferjene vil gå etter følgjande rute medan Fodnes ferjekai er stengt:

Frå Mannheller 0945B, 1030A, 1115B, 1200A, 1245B, 1330A, 1415B

Frå Lærdal 0945A, 1030B, 1115A, 1200B, 1245A, 1330B, 1415A


Publisert 08.11.2011

Brukernavn:
Passord:

©2019 Triangel Software